Debatten om ny tilbodsstruktur i vidaregåande skule i Nordfjord

Det har vore ei rar oppleving å lese om denne til no. Bakgrunnen for debatten er framlegget om ny tilbodsstruktur, som skal møte utfordringane med redusert elevtal fram til 2035.

Tal ledige elevplassar i dag er ca. 1.500 i vestland fylke. Det framskrivne talet i 2035 er nær 5.000 dersom dagens tilbodsstruktur blir vidareført.

Rapporten er, slik eg forstår det, eit resultat av eit oppdrag til eit utval utnemnd av fylkesdirektør Haugsdal, med framlegg til framtidig tilbodsstruktur i Vestland basert på framtidig demografi, det næringslivet etterspør og tilgang/reisetid for elevar.

Reduksjonane utvalet la fram ved enkelte skular var forståeleg nok overraskande store og møtt med vantru og sinne, men når Fjordenes Tidende i intervju med seksjonsleiaren for kompetanseavdelinga i fylket påpeika mogleg ugildskap i utvalet med to representantar med fortid frå nokre av dei vidaregåande skulane i Nordfjord, er dette eit lågmål for journalistikk.

Fakta om ledige elevplassar har debatten fullstendig oversett. Kvar skule har, med ulike argument, forsvart sin tilbodsstruktur og undervisningstilbod og med stort engasjement mobilisert lokalt næringsliv/vekst-organisasjon mfl. til forsvar for tilbodet ved sin nærskule.

Ei vidareføring av dagens tilbodsstruktur vil truleg medføre ein årleg kamp mellom skulane om start av studietilbod med lav søknadsmasse og truleg press på elevar lokalt for å søke lokal skule (elevstyring).

Ein graf i høyringsforslaget til Vestland fylkeskommune, basert på tal frå SSB, viser prosentvis nedgang i elevtalet for vidaregåande skular i Nordfjord 2024–2035:

Heile Kinn kommune: minus 18 %

Stryn kommune: minus 13 %

Gloppen kommune: minus 8 %

Heile Stad kommune: minus 1%

Det er naturleg for eit utval som skal legge ein framtidig tilbodsstruktur i skulane å ta omsyn til denne utviklinga.

– Avgangstala på elevar går sakte med sikkert nedover og folketalsframskrivinga seier også det same. Størst nedgang er det i Kinn og her må ein vere merksam på at i SSB-statistikken er heile Kinn, skriv fylkeskommunen til denne grafen. Foto: Skjermdump frå høyringsforslaget

Dei store skilnadane på elevnedgang mellom skulane sine rekrutteringsområde burde debattantane reflektert meir over.

Spørsmålet ein naturleg kan stille seg er : Kva kan grunnen vere at ungdom si bulyst i eige nærmiljø etter ferdig utdanning er så ulik?

Når Stad kommune har så liten nedgang i framtidig elevtal kan det vere at kommunen (Eid) over lang tid har satsa på gode oppvekstvilkår med tilrettelegging av fritidstilbod.

Av dette vil eg spesielt nemne:

· Skisentera i Hjelmelandsdalen og Stigedalen

· To idrettshallar, kunstgrasbane med undervarme for fotball vinterstid

· Kulturskule med svært gode lærarkrefter innafor musikk, dans, drama og forming

· Fjordhestsenteret

· Malakoff Rockfestival

Eit ordtak : Som ein sår kan ein hauste.

Eg meiner at om eksempel Kinn greier å etablere badeanlegget Nordfjordbadet, samt tiltak som i Myrane med møteplass og turløyper, fritidstilbod som ungdom etterspør, vil resultatet vise seg etter relativt kort tid med heimflytting av unge familiar og styrking av elevtal for vidaregåande opplæring.

Det er etter mitt skjønn dette debatten må fokusere på i ettertida.