Krokane skule – meir enn berre ei bygningsmasse

 I over femti år har Krokane skule vore eit viktig senter i Florø sin nye bydel og har lagt grunnlag for bustadbygging og nyetableringar. Ein kan sjå at fleire kjøper sin første bustad i området og det er førespegla at mange einebustadar i området kjem for sal i åra som kjem. På Krokane ligg asylmottaket og kommunen er for tida bedne om å ta i mot endå fleire flyktningar frå Ukraina. Krokane skule er eit viktig samlingspunkt både for barn og unge som bur i området, men og for barn som kjem ned frå Botnaholten eller frå andre områder i byen vår. Krokane har ikkje hatt det forventa fallet i innbyggarar som har vorte førespegla i mange år. I rapporten som kom i starten av november er Krokane og Florø barneskule sett under eit, og tala kan då peike mot ein reduksjon i antal elevar, men når ein les i rapporten ser ein at Krokane og Torvmyrane har relativt stabile elevtal.

Under kommunestyrekonferansen 26. oktober 2023 la kommunedirektøren i Kinn kommune fram tre ulike scenario for skulestrukturen i Kinn kommune. Seinare blei det klart at kommunedirektøren vil fremje forslag om å vedta nedlegging av fire skular i kommunen, derunder Krokane skule. I følge kommunedirektøren er dette eit vedtak han har fagleg støtte i å gjennomføre og eit vedtak som dei neste 10 åra skal spare pengar frå skulesektoren i Kinn kommune. Disse pengane skal omdisponerast ut av oppvekst og inn i helsesektoren. Endå meir spesifikt skal pengane inn i eldreomsorga.

Kommunedirektøren starta framlegget sitt med at forslaget hans har støtte i fagmiljøet. Dersom ein spør kommunedirektøren kven dette fagmiljøet er og kva støtta inneber, er det derimot ikkje enkelt å verte klokare på svaret. I følgje kommunedirektøren har fagmiljøet ei nøktern haldning til at endringar må skje. Vi meiner det er det en stor skilnad på at ein støttar noko og at ein som tilsett i kommunen har ein nøktern aksept av at kommuneøkonomien er dårleg og at det må skje endringar. Fagleg forankring og støtte gir den som lyttar eller les eit inntrykk av at dette er noko som er bra for barna og at dette er noko fagmiljøa støttar og noko som vil heve kvaliteten på skulen. Ein går automatisk ut ifrå at her er barnets beste vurdert og det er det som gjer at ein vel å fremje akkurat dette forslaget. Det visa seg at denne vurderinga ikkje ligg føre. Det som derimot er vurdert er byggteknisk tilstand på bygningsmassa og kva det vil koste å vedlikehalde bygningane?

Tryggleiken til at  barna våre får gå på sin nærskule, vert gjort om til dei kronene og ørene byggningsmassa barna våre kalla skulen sin, kostar å vedlikehalde og oppgradere. Kan vi godta dette?

Barna våre veks opp i ei tid der ein ser at mange barn treng tett oppfølging.  Kommunen er som nemnd tidlegare bedd om å ta i mot fleire barn frå Ukraina. Ein ser at talet på barn med skulevegring og alvorleg skulefråvær auka. BUP har rekordlange ventelister. Er det vurdert kva konsekvensar det vert for elevane å byte skule, endra klassar og endringane det fører med seg for læringsmiljøet? Eller er det vurdert korleis det vert for dei elevane der klassane allereie er delt i mindre grupper å plutseleg skulle gå i klassa med opp mot 30 elevar? Visar større skular til å gi eit betre resultat enn mellomstore skular? I tillegg vil kommunedirektøren ta vekk språkstøtte i barnehagen, då dette ikkje er lovpålagt. Barna som treng språkstøtte er barn som allereie ei sårbar gruppe.Elevtalet på Krokane skule består per dags dato omlag 28% framandspråklege barn. Kva konsekvensar vil dette bringe med seg inn i skulane? Og igjen må vi stille spørsmålet. Er dette støtta fagleg? Er barnas beste vurdert her?

Vi forstår at Kinn kommune har økonomiske vanskar. Det er heller ingen som ikkje forstår at det no må gjerast knallharde prioriteringar. Det som er synd er at prioriteringane syner å miste fokus på kva som er til innbyggarane sitt beste, heilhetleg sett, og ikkje utelukkande reint økonomisk her og no. For er det eigentleg rett at det skal vere ein kamp om midlane mellom dei yngste og dei eldste i kommunen?

Vi er ikkje interessert i at det skal verte ein kamp mellom skulane eller mellom nordre og søre del av Kinn kommune. Nettopp fordi alle barna våre er den viktigaste ressursen Kinn kommune har. Det er vår jobb som foreldre å forvalte denne ressursen godt. Men vi treng og politikarane med å at det er ungane i Kinn som er framtida- vi må gi dei ei god og trygg oppvekst slik at dei i framtida forhåpentligvis ønsker å flytte tilbake og sikre ei god utvikling til den flotte kommunen vår.