Etter å ha tangert publikumsrekorden frå 2014 bekreftar festivalsjefen at Malakoff Rockfestival allereie frå neste år kan bli utvida frå to til tre dagar.

– Vi har tidlegare diskutert ei utviding til tre dagar, men det er endå meir aktuelt no enn det har vore tidlegare, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Sjølv om klubbkonserten i Gymmen «tjuvstartar» festivalen torsdag kveld, er det berre fredag og laurdag at det er aktivitet på festivalområdet på Nordfjordeid.

– Veldig mange kjem til Nordfjordeid allereie torsdagen, og i mangelen på eit overnattingstilbod camper dei gjerne i bilar. Vi må sjå på ei løysing på den utfordringa, men det er ei hyggeleg problemstilling, seier Naustdal.Han slår fast at ei utviding av festivalen ikkje vil gje deltakarane ein «ordinær Malakoffdag».

– Den dagen vil uansett skilje seg frå dei to andre dagane. Vi ser blant anna på å opne Amfiscena på torsdagen og ha ein utvida klubbkonsert der, seier Naustdal.

– Kan ei utviding av festivalen frå to til tre dagar skje allereie til neste år?

– Ja, det kan det.

Planane for ei utviding vert diskutert etter at 2016-utgåva av rockefestivalen vart nok ein suksess.

– Vi har gjort ei grovteljing og kan konkludere med at vi har tangert publikumstala frå 2014. Då snakkar vi opp mot 22.000 publikummarar. Det trudde vi ikkje var mogleg, jublar Naustdal.

– Aldri før har vi hatt så mykje folk innom så tidleg på ein laurdag føremiddag. Då Gabrielle og Odd Nordstoga var på scena var det rett og slett fullt.

Det er ein stolt og audmjuk festivalsjef vi møtte etter at artistar og festivalpublikum hadde reist heim.

– Alle tilbakemeldingane er gode, og det set vi pris på. Spesielt kjekt er det at det i år var mange førstegongs-malakoffarar. Det er ikkje billeg å produsere festivalen, og vi brukar mykje pengar på lyd, lys og sceneproduksjon, fortel han.

Å få oppleve legendariske Iggy Pop synest Naustdal var eit av høgdepunkta.

– Eg er glad for at han leverte. Det var ein god konsert som eg vil hugse lenge. Også konserten og allsongen med Gabrielle var stor. Det var herleg å sjå alle rockarane som stod og song med. Det er også kjekt å løfte fram lokale unge talent som Aleksander Raftevold og Alexander Pavelich, seier Naustdal, som innrømmer at han både er stolt og rørt.

– No skal vi ha ei evaluering, der vi ser både på bemanning og tal vakter. Vi skal ta tak i dei tinga som ikkje har vore optimale. Sjølvsagt kan vi bli endå flinkare. Festivalcampen er eit stort område, og spesielt fredagen var det mykje å gjere. Der må vi gjere prioriteringar. Vi har kameraovervaking, som vi flyttar for å dekke alle felt på området, seier han.

Andre saker om Malakoff Rockfestival