Blir fabrikken verkelegheit, må Silje, Bjørn, dei to barna deira, Silje sin far og hans sambuar vurdere å finne seg ein annan plass å bu. Då bur dei nemleg innanfor tryggleikssona ein slik fabrikk må ha ettersom dette er eit tiltak som vil vere underlagt reglane i storulykkeforskrifta.

– Risikoen er at det er sannsynleg at det kjem ei ulykke i løpet av dei neste 100 åra. Då kan konsekvensane bli store for kommande generasjonar, seier Silje.

Størrelsen på anlegget er ikkje bestemt, men dei førebelse anslaga i planprogrammet tyder på store dimensjonar:

  • Produksjonsareal: 100.000 m² med ei høgde på inntil 45 meter pluss ei pipe/fakkeltårn på 15 meter

  • Hamneanlegg: 25.000 m²

  • Tank for lagring av ammoniakk: kapasitet på 226.000 tonn

  • Ikkje-produksjonsareal: 16.000 m² og ei høgde på 4–8 meter

– Vi bur 900 meter unna den planlagte fabrikken. Vi kjem til å sjå rett på den frå stovevindauget vårt, seier Silje.

Slik ser Holmaneset ut i dag frå eigedommen til Silje og Bjørn. Det er 900 meter frå huset til neset. Foto: Ståle Martin Dyrstad

Flytta heim

Å gi opp livet på familiegarden er ikkje det Silje og Bjørn ønsker. Dei har nemleg nettopp flytta heim, og då til Dyrstad og Bremanger. For å slå rot på Silje sin heimstad, og bli buande der med familien sin.

– Eg er født og oppvaksen her, og har odel på garden. Vi tok over i 2021 og flytta tilbake hit, fortel Silje.

Bjørn er frå Masfjorden, og paret møtte kvarandre i Bergen for 13 år sidan.

– Eg var gravid med nummer to då vi flytta frå Bergen til Dyrstad, og vi følte det var stor oppstandelse og fantastisk at vi kom heim igjen, seier Silje.

Begge har fått jobb som lærarar ved Svelgen oppvekst.

Men no kastar planar om ein stor hydrogen- og ammoniakkfabrikk på neset like over fjorden frå huset deira skuggar over draumen. 100.000 m² og 45 meter høge skuggar.

Har krympa planområdet noko: Kartet viser eit foreløpig designkonsept, der omfanget skal vere vesentleg redusert i høve til skissa i planprogrammet. – Dette skal vidareutviklast og reviderast etter kvart som ein får tilgang på meir data og kunnskap gjennom planprosessen, og det er derfor ikkje naturleg å endre illustrasjonen i planprogrammet, skreiv kommunedirektoren i sakspapira til formannskapsmøtet 7. september. Foto: Frå sakspapir

Alt skal utgreiast, er svaret

Fortescue Future Industries (FFI) sitt mål er å bygge eit 300MW produksjonsanlegg for grønt hydrogen og grøn ammoniakk. Anlegget vil ifølge planprogrammet innehalde lagerbygg, verkstad, garderobefasilitetar, kantine, kontor, åtgangskontroll og gjerde, hydrogenelektrolyse, ammoniakksyntese, ammoniakktank for lagring, trafostasjon og to hamneanlegg; eit med kai for eksport av ammoniakk og eit tradisjonelt kaianlegg. Anlegget vil vere i drift 24 timar i døgnet heile året, og sluttproduktet vil mest truleg blir transportert vidare på skip.

Planprogrammet har vore på høyring, og det har kome inn 36 høyringsuttalar. Åtte er frå statlege og regionale myndigheiter, åtte frå ulike interesseorganisasjonar, politiske parti og bedrifter, og tjue frå enkeltpersonar.

Innspela handlar om inngrep i natur og naturmangfald, tryggleik og samfunnsberedskap, friluftsliv, bulyst og nærmiljø, forureining, massehandtering og massebalanse. Det er også stilt spørsmål ved kraftforbruket og påverknad på kraftsituasjon og straumprisar. Mange er opptatt av lysforureining frå anlegget, fakkeltårn og skip.

Statsforvaltaren har streka under at det er viktig å vurdere om det kan finnast andre eigna lokalitetar som i mindre grad kjem i konflikt med naturverdiar og biologisk mangfald. Fiskeridirektoratet på si side varslar motsegn dersom planen legg til rette for aktivitet eller tiltak som kan gje negativ påverknad på kysttorskbestanden i regionen.

– Statsforvaltaren har spesifikt bedt kommunen om å sjå på andre lokalitetar. Vi reagerer på at det verkar som dei ikkje har gjort det, og det blir ikkje sagt noko om kva plassar ein i tilfelle har vurdert, seier Silje og Bjørn.

Størrelsen på planområdet er 1349 daa, planområdet si potensielle utstrekning ser ein i kartutsnittet. Planavgrensinga består av Holmaneset, og dei tre øyane Litleholmen, Meholmen og Storeholmen i Nordgulen. Foto: Frå planprogrammet

Her kan du sjå alle innspela summert opp.

Her kan du sjå heile planprogrammet.

Kjem for tett på

Den vesle familien på Dyrstad har sjølvsagt seg sjølv og sin eigen situasjon i fokus når dei er imot denne etableringa, men dei tenker også på andre, på lokalsamfunnet og på naturlandskapet.

– Vi meiner fabrikken kjem altfor tett på både oss og Svelgen-samfunnet. Sjølv om det er lite sannsyn for eksplosjon og lekkasjar, meiner vi at slik risikoverksemd høyrer heime på andre plassar enn tett på busetnad i ein trong fjordarm like ved eit naturreservat, seier Bjørn.

Delar av Holmaneset er framleis regulert til LNF-område, altså eit område for landbruk, natur og friluftsaktivitetar.

– Vi har ikkje så mange slike flate område nær sjøen, det går fort over i bratte fjellsider her. Vi meiner FFI bør sjå seg om etter allereie utbygde industriområde for denne etableringa, seier han.

Utanfor Holmaneset ligg dei tre øyane Litleholmen, Meholmen og Storeholmen i Nordgulen. Foto: privat

Stiller spørsmål ved tal og type arbeidsplassar

Prosjektet sin verknad på bulyst og trivsel er i mange av høyringsinnspela sett opp mot kva prosjektet kan tilføre kommunen av arbeidsplassar og inntekter.

– Vurdering av dette vil i stor grad vere ei politisk prioritering, som må gjerast når alle konsekvensar av prosjektet er greidde ut og gjort kjende, skreiv kommunedirektør Tom Joensen i sakspapira til formannskapsmøtet 7. september.

Det har blitt antyda at etableringa kan skape ein stad mellom 35 og 70 arbeidsplassar, men ikkje om dette er arbeidsplassar i anleggsfasen eller i ein etablert fabrikk. Ein veit heller ikkje kva stillingar det er snakk om eller kor mange ein kan håpe vil bu fast i Svelgen-området.

– Vi skulle ønske kommunen kunne ha vore litt meir konkrete på kva håp og forventingar dei har for arbeidsplassar. Vi veit jo at mange allereie jobbpendlar hit frå nabokommunar, og til og med frå utlandet. Det er lite truleg at det er snakk om 35 til 70 faste arbeidsplassar, seier Bjørn, som meiner ein først og fremst må ta vare på dei som allereie finst på staden.

– Det er mange ledige jobbar i Svelgen-området, mellom anna i helsesektoren og ved Elkem. Ein slit med å ta tak i folk. Denne fabrikken vil gi same type industriarbeidsplassar, og det verkar ikkje lurt å legge til rette for ein industri som armar ut det som allereie er. Og kva blir dei lokale inntektene utanom eigedomsskatt og andre avgifter? Kva ligg bak den veldige drivkrafta for å få fabrikken hit?

– Så det at Svelgen-området allereie er godt utbygd med industri, er noko de meiner må leggast vekt på?

– Ja, absolutt. Det er noko med totalen. Her på Dyrstad har vi Bremanger Quarry rett ved og alle anløpa som går dit, og vi har anløp til Elkem i andre retninga. Det er allereie eit stort press på fjorden. Vi, og mange med oss, føler nok at grensa er nådd, seier Bjørn.

Her ser ein Holmaneset frå Dyrstad-sida, litt oppe i høgda. Foto: FFI

Både for og imot

– Kva er dykkar inntrykk av stemninga i bygda for denne utbygginga?

– Det er ei Facebook-gruppe som seier nei til fabrikk som får fleire og fleire følgarar, det er i underkant av 500 med der no, seier Silje, som likevel trur meiningane er delte.

– Mange er nok einige med oss, men mange har nok ikkje tatt eit standpunkt. Det er langt fram i tid, det er uoversiktleg, og så har vi alltid argumentet om folketalsnedgang hengande over oss. Folk håpar kanskje at ein slik fabrikk kan bidra positivt der, medan andre kanskje er redde for å seie kva dei meiner fordi ein liten del vil ha denne fabrikken, seier Bjørn, og legg til:

– Vi hadde gjerne sett eit litt friare ordskifte både for og mot denne etableringa, at vi kunne snakka saman om det.

Bjørn og Silje jobbar begge ved Svelgen oppvekst som lærarar. Dei er ikkje berre bekymra for eigen framtid, men også Svelgen-samfunnet. – Det er nok utbygd med industri. Grensa er nådd, seier dei. Foto: Siri Kolseth

Blir brukt som bade- og fiskeplass

– Fortel meg litt om Holmaneset. Korleis brukar folk denne plassen i det daglege?

– Det er ein del brukt som badeplass, men det er også mykje fritidsfiske i det området. Folk som fiskar, set garn og krabbeteiner frå båt i fjorden, seier Silje, som sjølv har gode minne frå staden.

– Eg kan hugse frå min eigen barndom at vi tok badeturar i robåt over til Olavika, midt på Holmaneset, ein aktivitet vi også har tatt med våre gutar på dei to sommarane vi har vore her.

Bildet er tatt frå Flotegrunnen ved Hessvika. Ein ser Holmane rett fram, og Dyrstad til venstre. Foto: Marit Nyvang Dyrstad

– Bremanger kommune har følgt opp med fleire krav til ei eventuell utbygging, for eksempel krav til tryggleikssone, høgde, storleik og liknande. Betyr det noko for dykk?

– Nei, eigentleg ikkje, for ifølge Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap vil vi, som ligg berre 900 meter unna, kome i den strengaste omsynssona. Vi har ikkje bygd hus her enno, og om fabrikken kjem, kan vi ikkje gjere det i framtida heller, seier Bjørn.

– Då vil vi ikkje bli anbefalt varig opphald på garden. Så om fabrikken kjem, kan vi ikkje utvikle garden vidare slik vi ønsker. Då seier det seg sjølv at vi kjem til å vurdere å få bu- og driveplikta oppheva, seier Silje.

Klaga på vindmålestasjon

Silje og Bjørn stiller spørsmål ved kvifor ein startar førebuande arbeid for ei etablering som enno ikkje er vedtatt. No sist var det løyvet som blei gitt til ein vindmålestasjon på Storeholmen utanfor Holmaneset. Saman med to andre grunneigarar på andre sida av fjorden, klaga paret.

– Konsekvensutgreiingane er ikkje ferdige, og vi er jo redde for at om ein lagar klar til eit industrianlegg på denne måten, så er mykje gjort og det meste øydelagt, seier Silje.

Her ser vi øyane i fjorden utanfor Holmaneset. Det er på Storeholmen det skal settast opp ein vindmålar når Statsforvaltaren er ferdig med å behandle klagene. Foto: privat

Som dei forventa blei klagene deira ikkje tatt til følge, men dei er glade for at tiltaket fekk utsettande verknad, som ein av klagarane bad om, og no må behandlast av Statsforvaltaren før tiltaket kan utførast.

– Då får vi litt ekstra tid, men det er trist at ein må rope så høgt, sende ekstra skriv til kommunen, og ta kontakt med media, for å få fram at det er bedt om utsettande verknad. Det kan virke som om kommunen allereie har bestemt seg, seier Silje.

– Vi har ikkje så mange slike flate område nær sjøen, det går fort over i bratte fjellsider her. Vi meiner FFI bør sjå seg om etter allereie utbygde industriområde for denne etableringa, seier Bjørn. Foto: FFI

Kjempar for dei før og etter

– Kor mange bur det eigentleg på Dyrstad?

– Seks! Det er oss fire, pluss pappa og sambuaren på vårt gardsbruk. I tillegg er det fem fastbuande lenger inne på Dyrstad, og sju fastbuande i Hessvika, seier Silje, og legg til:

– Så eg skjøner at dei seier der ikkje bur folk, og at denne fabrikken ikkje kjem nært noko som helst. Men vi bur her!

– Det har budd folk her sidan 1500-talet, supplerer Bjørn.

– Vi kjempar for dei som har vore der før oss og for dei som kjem etter. Vi hadde jo tenkt at dette skulle gå vidare til våre barn, avsluttar Silje