I 2023 starta Fjordenes Tidende prosjektet Det digitale spranget fordi vi hadde nådd punktet der vi såg at det var heilt nødvendig med ein akselerasjon i det relativt saktegåande arbeidet det er å omstille frå delvis papirproduksjon til ein heildigital produksjon. Marknadsavdelinga treng fleire flater å selje digitale annonsar på, ettersom dei ser at papirannonsesalet går nedover.

Digitalt først har vore slagordet i redaksjonen i mange år allereie, og vi veks organisk kvart år, men det går ikkje raskt nok til å demme opp for det fallet ein ser i papirannonsering. Så om redaksjonen skulle klare å levere det marknadsavdelinga ønsker seg, måtte vi bruke mindre tid på ei kostnadskrevjande, tidkrevjande og ressurskrevjande papiravis. Tida var derfor inne for å ta eit digitalt sprang.

Derfor søkte vi for første gong Medietilsynet om innovasjons- og utviklingstilskot. Vi fekk tildelt 700.000 kroner frå Medietilsynet, og 2023 har handla mykje om å ta det digitale spranget.

Sommarstemning under Strandfestivalen 2023. Foto: Håvar Fagerli

Vi er fire journalistar, ein redaksjonssjef og ein redaktør i redaksjonen. Fjordenes Tidende har eit komplekst dekningsområde, der vi blant anna dekker kommunane Kinn, Stad og Bremanger. Dette i tillegg til ei offensiv digital satsing og fornying, krev det mykje frå redaksjonsmedlemmane i Fjordenes Tidende.

For å ta det digitale spranget i 2023 har vi prioritert:

  • Utvikle podkastserien Tidendes pod

  • Måløy maskedrama, eigenprodusert programkonsept på fjt.no

  • Teste ut frekvensendring av papiravisa, 26.06.-13.08.2023

  • Valet 2023: «Vi berre spør», videoreportasjar, podkast og studiosendingar frå valvaker.

  • Direktesendingar og video

  • Tips-applikasjon

  • Utvikle fjt.no vidare, og få fleire digital-abonnentar

  • Auke talet på sidevisningar på fjt.no

For å kunne få gjennomføre dette har vi i periodar leigt inn ein ekstra redaksjonell medarbeidar. Dette har både frigjort tid for andre i redaksjonen, og vi har fått tilført ekstra kompetanse frå prosjektmedarbeidaren.

Vi gjorde i 2023 ei kartlegging av konsekvensane av cruisesatsinga i Måløy, der vi såg på både det som er positivt og negativt ved lokal cruiseturisme. Foto: Fjordenes Tidende

Fakta om Fjordenes Tidende:

  • Samla opplag: 4.780

  • Utgjevarstad: Måløy i Kinn kommune

  • Daglege lesarar totalt: 10.971

  • Daglege lesarar på nett: 7.891

  • Daglege lesarar på mobil: 6.916

  • Papirutgåve: Tysdag og fredag

  • Redaksjonelle årsverk: 6

  • Tal på sider produsert: 3.500

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonsar: 85/15

  • Leiarartiklar: 45

  • Kommentarar: 3

  • Lesarinnlegg på nett: 390

  • Tal på refuserte lesarinnlegg: 65

  • Gjestekommentarar: 40

  • Kronikkartiklar: 0

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Håvar Fagerli framfor FjT-bygget i Måløy. Foto: Svanhild Breidalen

Mål og prioriteringar:

For Fjordenes Tidende er det viktig å vere synleg og engasjert i lokalsamfunnet. Vi skal vere nær, tett på og bry oss. Måla våre er å sette dagorden, engasjere, få fram «vanlege» menneske, ha variert kjeldebruk og la så mange som mogleg i vårt lokalsamfunn kome til orde. Vi skal spegle samfunnet, fortelje suksesshistoriene, men også synleggjere det som ikkje lukkast.

Frå eit av dei mange møta med menneska i dekningsområdet vårt. Foto: Bjørn Erik Drabløs

I 2023 har vi hatt eit ekstra digitalt fokus der målet har vore å skaffe oss fleire lesarar, og ikkje minst sjåarar, på fjt.no, samtidig som vi fekk dei lesarane vi allereie hadde til å bruke fjt.no endå meir. Vi ville skape meir engasjement for å knytte lesarane tettare til oss, og med fleire sidevisningar og større publikum ville vi skape større varelager for marknadsavdelinga å selje annonsar på.

Vi ville også skaffe oss fleire yngre lesarar som vi veit likar ei meir audiovisuell form med levande bilde, podkastar og kortare nyheitsformidling, samtidig som vi ville ha med oss våre trufaste lesarar over på dei digitale flatene – også dei som i dag berre les papiravisa.

Tidendes pod. Foto: Fjordenes Tidende

Tidendes pod

Tidendes pod er podkastsatsinga til Fjordenes Tidende som verkeleg såg dagsens lys i 2023. Med eigen vignett og logo vart vi meir synlege og skapte ei merkevare som publikum kunne kjenne igjen. Podkastane blir publisert på både fjt.no, Spotify og Apple Podcasts.

Etter kvart starta vi også med video-podkast, og har i løpet av året lært mykje og utvikla oss vidare.

Tidendes pod på plass under Framflyt 2023 (ungdomskonferanse om næringsliv ved Måløy vidaregåande skule). Foto: Håvar Fagerli

Vi har også reist ut i felten med Tidendes pod. I løpet av sommaren ville sommarvikaren i Fjordenes Tidende teste ut podkast-formatet og vi laga då ein eigen Sommar-pod.

Under valkampen samarbeidde vi med naboavisa, Firdaposten, om ein podkast der vi snakka med ungdomspolitikarar.

Marknadsføring av Måløy maskedrama 2023. Foto: Kjellrun Åsebø/Rebekka Myrseth

Måløy maskedrama

Måløy maskedrama vart eit prosjekt som vaks seg stort og vart svært lærerikt for oss. Totalt vart det 47.604 artikkelvisingar, 26 sal, 14.759 videoavspelingar fordelt på 22 artiklar, åtte videoar og ein livestream.

Måløy maskedrama var eit samarbeid med Måløydagene 2024, der Fjordenes Tidende tok ansvar for all videoproduksjon, både teknisk og innhald.

Vi brukte aktivt både Facebook og Instagram for å marknadsføre videoane. Første episode «Alt er hemmeleg» hadde åleine 2.860 avspelingar.

Vi opplevde at vi nådde fleire lesarar under 40 år (19 %) og kvinner (38 %) med Måløy maskedrama enn vanleg. Ei av målsettingane med Det digitale spranget var: «Vi vil bruke ressursar på å inkludere alle i det digitale spranget, folk i alle aldrar og med alle typar bakgrunn».

Måløy maskedrama vart avslutta med eit direktesendt show frå festivalteltet under Måløydagene 2024. Dette var ein stor produksjon for Fjordenes Tidende åleine, og vi er glade for at vi her fekk litt hjelp frå Polaris Media Streamsenter.

Frekvensendring av papiravisa sommaren 2023

I perioden 26.06.-13.08.2024 gjekk vi frå to papirutgåver i veke til ei fyldig sommaravis i veka.

Ei av dei sterke historiene i Fjordenes Tidende i 2023. Foto: Fjordenes Tidende /Gjert Myrestrand

I søknaden om tilskott til Det digitale spranget har vi skrive: «Vi har også eit ansvar for ikkje å etterlate nokon av lesarane våre utan eit godt avistilbod. Vi tek samfunnsoppdraget på alvor, og vil passe på at vi også får med oss dei av lesarane våre som i dag ikkje brukar dei digitale flatene. Dette vil vi også gjere noko med gjennom prosjektet vi søker støtte til. Det digitale spranget handlar om å vere lokalavisa som går i front, som gjer endå større og raskare digitale steg, og samtidig får med seg lesarar og annonsørar over på dei digitale flatene.»

Vi la derfor opp til ein informasjonskampanje før frekvensendringa, der vi også inviterte lesarar til opplæring i bruk av dei digitale flatene våre. Foto: Fjordenes Tidende

Vi la derfor opp til ein informasjonskampanje der vi også inviterte lesarar til opplæring i bruk av dei digitale flatene våre.

Erfaringane frå frekvensreduksjonen sommaren 2023 var stort sett berre positive. Ingen synbar nedgang på annonseinntekter som kan direkte knytast til frekvensreduksjon. Frigjorde ressursar frå papirproduksjon gjorde at vi fekk til større aktivitet på fjt.no. Vi såg også ei svært positiv utvikling på talet digitale abonnentar, på same tid som vi registrerte at nedgangen på komplett (papir) hadde same stabile trend både før, gjennom og etter frekvensendringa.

Valet 2023

Vi sette oss eit mål om at alle skal med i Det digitale spranget. Prosjektet vårt vart også eit demokratisk prosjekt, ikkje minst vart dette aktuelt under kommune- og fylkestingsvalet hausten 2023. Vi ville nå alle, med digitale bodskap dei forstår, i vårt langstrekte dekningsområde over tre kommunar med lange avstandar og tre ferjesamband.

I tillegg til direktesende valdebattar og elles ei brei dekning av valkamp, valet og etterspelet etter valet, gjorde vi litt ekstra ut av presentasjonane av dei ulike ordførarkandidatane.

Ordførarkandidatportretta i Kinn kommune og Stad kommune var eit spennande konsept som fekk positive tilbakemeldingar frå publikum. Spesielt kjekt var det å høyre frå yngre lesarar (sjåarar) at dekninga til Fjordenes Tidende gjorde dei meir interessert i lokalpolitikk.

På sjølve valdagen hadde vi direkte studiosending frå valvaka i Stad og valvakene i Kinn og Bremanger. Valsendinga frå Kinn og Bremanger gjorde vi samarbeid med Firdaposten og sendinga frå Stad produserte vi sjølve. Alt dette i tillegg til andre oppdateringar, valstudio og resultatservice vart publisert på fjt.no på valdagen.

Fjordenes Tidende rapporterte direkte frå valvaker i tre kommunar. Foto: Gjert Myrestrand

Direktesendingar og videoinnslag

Eit mål med Det digitale spranget var å bli betre med video, både reportasjar og direktesendingar. Vi er tilhengar av å lære med å gjere det i praksis. Vi har kasta oss ut i det, og lært mykje gjennom prosjektperioden.

Her er noko av det vi har gjort: Framflyt 2023 (direkte stream), 17. mai, konsert på omsorgssenteret, ungdomsreporterar tek pulsen på cupen, folkemøte (direkte stream), instruksjonsvideo for å bli digital abonnent, sommarstudio (direkte utestudio), husbesøk, arkeolog i felt, betongbil i trøbbel, Festival: Unge stjerner, Festival: Tempen på campen, Festival: Festivalsjefen, Malakoff: Festivalcampen, Malakoff: Nabo til festivalen, Malakoff: Festivalminner, cruiseanløp set spor, trafikkdag på vidaregåande, motbakkeløp, sensasjonelt arkeologisk funn, ute på fiskeri, på kommunestyremøte, på brannstasjonen, kulturarrangement.

Utvikling av fjt.no

Vi har i 2023 utvikla oss på frontredigering, hatt meir aktiv bruk av video, gjort oss mange nyttige erfaringar og ikkje minst lært mykje som vi kan ta med oss vidare og dele med andre.

Vi ser at vi kan bli endå flinkare til å bruke dei ressursane vi har og gjere tenester på fjt.no endå meir synleg og tilgjengeleg. Vi planlegg no å utvikle eit eige område på fjt.no for video.

Vi opplever at webkamera er eit populært tilbod på fjt.no som vi vil utvikle og bruke endå meir. I 2023 fekk vi med godt samarbeid med andre aktørar opp endå eit webkamera i dekningsområdet vårt.

Resultat av den digitale satsinga i 2023

Vi ser resultat av den digitale satsinga i 2023. I januar 2023 hadde fjt.no 40.564 sidevisningar pr. dag i gjennomsnitt. I januar 2024 var det eit gjennomsnitt på 57.541 sidevisningar i gjennomsnitt pr. dag. Det betyr ei auke på 17.000 sidevisningar i gjennomsnitt pr. dag frå januar 2023 til januar 2024.

I januar 2024 har fjt.no eit gjennomsnitt på 11.333 unike brukarar dagleg mot 8.951 på same tid i 2023.

Artiklane på fjt.no vart i løpet av 2023 lest 6.670.032 gongar. (Då er ikkje framside og salsplakatar rekna med). I 2023 var det selt 1.726 abonnement direkte på ein artikkel.

Vi opplever også ein positiv trend der ein større del av abonnentane våre er innom fjt.no kvar dag. Frå 50 % i januar 2023 til 59 % i 2024.

I 2023 var det selt 1.726 abonnement direkte på artiklar på fjt.no.

Utviklinga av abonnentar har også vore positiv. 31.12.2023 er 62.9 % av abonnentane heildigitale mot 53,7 % året før. Samtidig som talet på abonnentar totalt har auka frå 4.083 til 4.133 frå same tid i 2022.

Magasin

I 2023 gav vi ut følgande magasin: Hus og heim (produsert for Nordfjordsamkøyringa av Fjordenes Tidende). Havsalt sommar (Eige sommarmagasin). Hav av moglegheiter (i samarbeid med Firdaposten). Haust på kysten (handelsmagasin), Jul i Måløy.

Journalistfagleg utvikling

Heile redaksjonen har i 2023 gjennomført kurs i redaksjonell utvikling i regi av Polaris Media.

Gjennom redaksjonelt samarbeid med andre mediehus har vi lært mykje som vi har tatt med oss vidare.

Redaksjonsmøta brukar vi også til læringsøkter, faglege og etiske diskusjonar, evaluering, positive tilbakemeldingar og tips til kvarandre om korleis vi kan bli betre.

Vi har gjennom Det digitale spranget blitt endå meir digitale og modigare.

Fjordenes Tidende vart ikkje meldt inn til PFU i 2023. Vi tek etikkdebatten i redaksjonen jamleg, både frå sak til sak, men også som faglege og meir overordna diskusjonar.

Framsida på Fjordenes Tidende 24. oktober 2023. Foto: Fjordenes Tidende / Gjert Myrestrand

Mest lest på fjt.no

Mest leste saker på fjt.no i 2023 (artikkelvisningar i parentes):

1) Her kan du søke i dødsannonsane (405.756)

2) fjt.no sitt sportsstudio (60.723)

3) Uvanleg komet kan sjåast frå jorda (35.307)

4) fjt.no sitt næringslivsstudio (30.972)

5) Steinen i vegbana viste seg å vere noko heilt anna (23.882)

6) Meldte sønnnen savnet (22.404)

7) Søk opp og følg med på valresultatet (13.277)

8) Fekk uvanleg fangst i teina (13.231)

9) Ligg til kai midt i sentrum (11.759)

10) Lokal fiskebåt i redningsaksjon (10.299)

11) Skattelistene er klare (10.147)

12) Her kan du sjå direkte frå Risnakken (8.056)

Mest sette videoar:

Her vippar entreprenøren ein diger stein ned frå den nye klatreløypa (11.917)

Måløy maskedrama episode 1: «Alt er hemmeleg» (2.860)

Måløy maskedrama: «Få med deg den store avsløringa» (2.278)

Måløy maskedrama episode 2: «Eg er så nervøs» (2.122)

Her kan du sjå film av det sensasjonelle skjelett-funnet (2.119)

Fekk uvanleg fangst i teina (2.109)

Valvake direkte frå Nordfjordeid (1.893)

Måløy maskedrama: Du kan ikkje stole på nokon (1.787)

Dette har du aldri sett før i Måløy-gatene (1.724)

Hjorten brøler rundt huset (1.526)

Framflyt 2023 (1.488)

Måløy maskedrama episode 3: «Dette blir jo ein Tinder-profil» (1.472)

Sommarstudio i Selje (1.415)

Måløy maskedrama episode 4: «Fantaserer om ein burgar på Bryggja» (1.270)

Informasjonsmøte Stad skipstunnel (1.242)

Her gir Kai cruiseturistane ein Elvis-velkomst (1.210)

Pressekonferenase Stad skipstunnel (1.114)

Kan Malakoff-camparane konkurrere med artistane? (1.100)

Kva gjer ein når betongbilen står bom fast? (1.093)

Spørsmål fra Polaris-stiftelsen

Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

Ei av dei aller viktigaste oppgåvene for ein redaktør og redaktørstyrte medium i dagens samfunn der nyheiter og informasjon reiser fort via internett, er å bygge ein sterk barriere mot det som florerer av falske nyheiter og konspirasjonsteoriar. Oppgåva til ein redaktøren er dermed å lære opp sine tilsette i kjeldekritikk og kritisk tenking og praktisere dette kvar dag, samt vise og avsløre for lesarane kva som er sant og ikkje sant.

Vaktbikkje-funksjonen er også framleis ein sentral del av redaktøransvaret. Redaktøren er den som passar på at redaksjonen har fokus på om demokratiet sine spelereglar blir følgt. Dette er spesielt viktig for lokalavisredaktørar der det ofte ikkje er fleire enn ei avis som dekker akkurat den kommunen.

Til slutt er det også viktig at redaktøren tilbyr ei plattform for alle, eller i alle fall dei fleste. Lokalavisa skal spegle lokalsamfunnet på godt og vondt, og ein må vise fram det som skjer, både suksessane og fiaskoane, i tillegg til at ein må sleppe folk til orde og tilby ein debattarena. Den arenaen en skapar for folk må vere trygg og dei skal vere sikre på at pressa sine spelereglar blir følgt. Ein må også passe på at ein får med seg dei som vanlegvis ikkje har ei stemme eller er så frampå at dei kontaktar media av seg sjølve. Redaktøren må passe på at mangfaldet er synleg og har ei stemme.

De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

Det er ikkje så mange år sidan Fjordenes Tidende hadde veldig strenge reglar for å vere på sosiale medium, både for Fjordenes Tidende og privat. Det er mjukna litt opp, og vi brukar no Facebook og Instagram jamleg som del av marknadsføringa av saker sjølv om vi har skalert ned bruken av Facebook noko. Grunnen til det er at vi ønsker debatten på eigne flater. Når det gjeld journalistane og sosiale medium ber vi dei vere bevisste på rolla si som journalist også privat, for dette følger med inn i den personlege sfæren. Vi må vere bevisste på ikkje ha bindingar, og sjølv om det no er greitt å vere «ven» med ordføraren på Facebook, må ein passe på balansen i denne type venneforhold. Sosiale medium er også ein publiseringskanal, og som journalistar skal vi vere frie, uavhengige og objektive. Som nyheitsjournalist skal ein objektivt formidle nyheiter og hendingar basert på fakta, og ikkje vere ein selektiv «influensar» med slagside i den eine eller andre retninga. Det påverkar også korleis ein kan oppføre seg på sosiale medium, sjølv om ein er der som privatperson, og vi ber derfor journalistane i Fjordenes Tidende vere bevisste på dette. På same måte som ein ikkje kan stå på ein talarstol og rope ut sin politiske ståstad, ta side i ei sak eller delta i markeringar og fakkeltog, kan ein heller ikkje gi uttrykk for meiningane sine i sosiale medium.

I Journalisten sa VG sin ansvarlige redaktør, Gard Steiro, dette: «Jeg pleier å si at hvis du er ansatt i VG så er du ansatt i VG døgnet rundt, du kan ikke da oppføre deg som du vil på fritiden.» Han meiner det er eit privilegium å få lov å vere journalist, og at ein må forvalte det ansvaret deretter.

https://www.journalisten.no/gard-steiro-tut--mediekjor-vg/hvis-du-velger-a-vaere-journalist-er-det-et-stort-privilegium/469731

Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

KI utfordrar journalistikken sitt truverd og uavhengigheit, og utfordringar ligg blant anna i at det kan bli vanskelegare å sjå bindingane, strukturar blir meir skjulte og openheita dermed mindre. Lesarane forventar at det som blir publisert er truverdig og ikkje styrt av andre interesser, men å sjekke fakta og kjeldene, og autentisiteten i bilde og innhald, blir vanskelegare, både for journalistar og dei som les avisa. At publikum blir usikre på om tekst og bilde er ekte, er noko av det som kan svekke tilliten til media.

Som menneske har vi evna til kritisk tenking og etisk refleksjon. Det har ikkje robotar. Så å drille journalistar og redaktørar i den nyttige bruken av KI, samtidig som ein lærer å avdekke feilkjeldene og fallgruvene, blir viktig. Det er vi som må forme barrieren mot dårleg og ukritisk bruk av KI i journalistikken.

Mange av dei media som allereie har begynt å bruke KI i større grad i journalistikken har lagt inn ein regel om at innhaldet må sjåast gjennom og godkjennast av ein journalist før publisering. Det er nok ein lur regel.

Ifølge Norsk Digital Læringsarena, NDLA, er det også ein fare for at stereotypiar forsterkast ettersom ein robot nok vil bygge sitt innhald på «store data», altså dei som leverer mest data inn der roboten skal samle informasjon. Dermed får ein kanskje innhald som bygger meir på eksisterande data enn ny kunnskap/informasjon. Det er også noko journalistar må vere bevisste på.