Det er eit komplekst spørsmål ettersom tre saker berører kvarandre, bygging av ny Skram skole som allereie er vedtatt, budsjett 2024 og handlingsplan 2024–2027 og kommuneplanen sin samfunnsdel, der skulebruksplanen kjem inn.

Kommunestyret i Kinn bekrefta i eit ekstraordinært møte 30. november vedtaket om at Skram skole framleis skal byggast i Måløy til 250 elevar som planlagt. Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen har imidlertid i sitt framlegg til budsjett gjort alle delar av tenestene, også oppvekstsektoren og skulane, til eit diskusjonspunkt i budsjettdebatten, sjølv om det ikkje er i ein budsjettprosess slike grep som skulenedlegging skal gjerast.

Kommunedirektøren bad også i den samanheng om stopp i anbodskonkurransen for Skram for å lufte om det var mogleg å bygge ein større skule, men det fekk reaksjonar frå mange hald, også politisk miljø.

– Det er eit politisk vedtak som er fatta, og før det er fatta eit nytt politisk vedtak er det ikkje kommunedirektøren som bestemmer dette, sa varaordførar Frank Willy Djuvik (Frp) til Fjordenes Tidende, og avkrefta at det ville komme ny behandling om bygging av Skram.

Her er resultatet

379 lesarar har svart på spørsmålet på dei ti timane det låg ute.

35 prosent, 135 personar, har kryssa av for alternativet om ikkje å legge ned nokre skular, bygge Skram skole som den allereie er vedtatt til 250 elevar og fordele dei ressursane ein har på grunnskulane etter elevtalet.

24 prosent, 91 personar, meiner det kan vere eit alternativ å vurdere nedlegging av Raudeberg skule og ein skule i Florø-området. Det medfører for Vågsøy-området at elevane frå Nord-Vågsøy blir fasa inn på ein ny Skram skole.

15 prosent, 58 personar, meiner ein kan vurdere å legge ned både Skavøypoll og Raudeberg, og bygge nye Skram skole til 400 elevar i Måløy, samtidig som ein legg ned Krokane og Stavang skule i Sør-Kinn og flyttar elevane der til andre skular.

15 prosent, 59 personar, meiner det same som over, men at ein bygger ny Skram skole ein annan plass enn Måløy.

3 prosent, 12 personar, meiner ein kan vurdere å bruke auka statlege overføringar som kjem som følge av eldrebølga til grunnskulane i staden.

Det er viktig å peike på at dette ikkje er ei spørreundersøking. Det kan det aldri bli så lenge det ikkje er gjort eit representativt utval av befolkninga. Det er eit spørsmål til lesarane og ein peikepinn på kva Fjordenes Tidende sine lesarar meiner om skulestrukturen om ein skulle blitt nøydde til å ta eit slikt val. Foto: Skjermdump

I tillegg har 6 prosent, 24 personar, svart at dei helst vil ha ei anna løysing eller at dei ikkje har tatt stilling.

Behalde Skavøypoll og Raudeberg, legge ned Skram

Av dei som har svart «anna løysing/veit ikkje» er innspelet som får mest gjennomslag, basert på kommentarar og likarklikk under lesarspørsmålet på Facebook, å gjere om på Skram-vedtaket, og heller legge ned skulen og behalde Skavøypoll og Raudeberg skular, eit alternativ som ikkje har vore offisielt på bordet sidan bygging av ny Skram skole er vedtatt.

Ein annan tanke som kjem fram er å gå for ei plassering av ny Skram skole nærare Gate 1/Sjøgata som inkluderer basseng og ifølge vedkommande kan gi betre logistikk.

Det blir også spelt inn å flytte Skram-elevane til Vågsøy ungdomsskole sitt bygg, og så bygge ny ungdomsskole ved Måløy vidaregåande der ein inngår spleiselag med fylkeskommunen om svømmeanlegg.

Må få skulebruksplan på plass

Skulebruksplanen for Kinn har latt vente på seg i fleire år, og er framleis ikkje på plass. I kommentarfeltet blir det nemnt at det ikkje er forsvarleg å diskutere spørsmåla om framtidig skulestruktur eller legge ned skular utan ein vedtatt skulebruksplan. Dette er også poeng politikarane har spelt inn.

– Skulestrukturen i Kinn bør forankrast i ein vedtatt skulebruksplan som administrasjonen uten diskusjon gjennomfører. Så bør ungane i Måløy få det dei dyrt og hellig er blitt lova, å få skulen sin tilbake slik som vedtatt sidan dei gjekk med på å midlertidig flytte til brakkeskulen, kan ein lese i ein av kommentarane.

Andre trekker fram at dei ikkje set pris på at administrasjonen held fram med å argumentere for ein større Skram skole enn den som er vedtatt, og poengterer at skulen ikkje skal vere gjenstand for omkamp.

– Det kan sjåast på som eit forsøk på utsetje bygging av Skram, seier ein.

Ein annan som har svart «anna løysing» på lesarspørsmålet lurer på om ikkje ein Skram skole bygd til 250 i alle fall kan ta inn elevane frå Raudeberg om kort tid.

– Ifølge tala til kommunedirektøren vil det vere oppstart på Skram 2026/2027, men sjølv om han ikkje vil seie det høgt, vil det garantert ta lenger tid om ein skal bygge for 400. Ifølge hans eigne tal vil det i 26/27 vere 217 elevar ved Skram og 70 på Raudeberg. I 27/28 er det nærliggande å tenke at talet er lågare, og eit elevtal på 250 blir kanskje etter kvart stort nok til å innlemme Raudeberg.

– Vil vi ha kiving framfor trivsel og vekst?

Andre er ikkje glade for at budsjettdebatten skapar ein konfliktsituasjon.

– Dei fleste innbyggjarar i dei ulike grendelaga ønskjer å behalde «sin» skule. Eg skulle ønskje innbyggjarane i alle grendelag også ville kvarandre sitt beste, og at ein ikkje tar til orde for nedlegging av andre skular, berre for å få behalde sin eigen. Eg har lenge framsnakka bygging av ny Skram skole, utan å sokne til krinsen, fordi eg ønskjer det beste for innbyggjarane i Måløy. Men dei siste vekene er dette blitt gjort til ei sak som samstundes kan innebere nedlegging av grendeskulen bygda mi soknar til. Er det ei slik kiving, med innbyrdes opne strider dei einskilde bygdene imellom vi vil ha, framfor trivsel og vekst for alle grendelag i kommunen? kommenterer Øystein Sortland som var vara for Kinn Senterparti i førre kommunestyreperiode.

Og han oppsummerer dermed kanskje stemninga hos folket.

Tysdag er det politikarane i Kinn som skal diskutere budsjettsaka.

Les deg opp på saker om budsjett og skulestruktur før møtet her: